Bøker fra Vivilja

Til bokoversikten | Handlekurv tom

Å vere attende

Oddmund Haugen

Vi har gleda av å presentere den sjette diktsamlinga til Telemarkslyrikaren Oddmund Haugen. Han er opphaveleg frå Vråliosen, men bur no i Skien.

Å vere attende er ei diktsamling som skildrar både fortid, notid og framtid. Haugen debuterte med diktsamlinga Doggdropen i 1975 og mange har no spurt etter dikt frå dei fyrste samlingane hans. Å vere attende er difor ei diktsamling som er todelt: Fyrste delen av boka har 43 utvalde dikt. Andre delen har 63 nyskrivne dikt. Bakerst i boka fins seks salmetekstar med notar. Magnar Kleiven har laga melodiane og Ruben Sebastian Kleiven står for framsidebiletet.

Å vere attende er ei samling som rommar mange tema, både skjemt og alvor. Haugen tek oss med til dei inste roma i menneskesinnet. Del 2 av denne samlinga inneheld: Dikt om Glenn Robin, kortdikt, kategoriar, den gode venskapen og salmar.

Lyrikaren skriv stundom dikt i tradisjonell form, andre gonger nyttar han eit meir modernistisk formspråk. Haugen er årstidslyrikar. Han nyttar ofte bilete frå naturen for å skildre menneskelivet. Eit særpreg i dikta hans er ljos og optimisme. Boka eignar seg godt som gåvebok, til seg sjølv eller til andre.

Å BERE LJOSET

Så djupe var kjenslene.
Så vare var tankane.
Så levande var draumane.
Alle tre bar ljoset i hendene sine
og lyste i takksemd
mot framtida.

Pris: kr 250,00

Utvikling, drift og hosting av Arctodus AS